Det sa banksjef Melinda Skeide i Sparebanken Møre då ho tysdag delte ut til saman 60.000 kroner til dei tre korpsa i kommunen.

Sparebanken Møre er akkurat no inne i ein periode der dei deler ut Teft-midlar til kulturtiltak i kommunane.

På Hareid valde banken å tilgodesjå Bigset, Hareid og Hjørungavåg skulekorps med 20.000 kroner på kvart av korpsa.

– 17.-mai med korpsmusikk er fantastisk. Men vi veit at dei øver og spelar heile året. Foreldra stiller opp med både kakebaking, tombola og andre gjeremål – og kanskje kan det lette trykket litt å få desse pengane, seier Melinda Skeide.

Dirigentmangel

Mangel på dirigentar gjer at skulekorpsa på Bigset og i Hjørungavåg i vinter har øvd saman med Hareid skulekorps, som på fjerde året har Anita Nøring som dirigent.

Yvonne Øvrelid Breivik, tamburmajor i Hjørungavåg skulekorps, fortel at dei til saman har vore 85 musikantar på øvingane – og at det har fungert godt.

– Men då 17.-mai nærma seg måtte vi tilbake til bygdene våre for å øve. Vi er så heldige at vi har både Wenche Roppen og Iris Kristin Tangen, som stiller opp når det knip om, kommenterer Øvrelid Breivik.

Hjørungavåg skulekorps rundar heile 50 år i år, og dette skal seinare feirast både med korpstur til Göteborg i juni og jubileumskonsert til hausten.

Vibeke Rafteseth, leiar i Bigset skulekorps, slår fast at dei også har tidlegare musikantar i grenda som stiller opp og tek eit ekstra tak, men at det er vanskeleg å få ein fast dirigent. Bigset-korpset skal i slutten av juni delta på landsfestivalen for skulekorps.

Begge korpsa er altså på jakt etter ny dirigent.

Hareid skulekorps, med dirigent Anita Nøring, reiser i september til opplevingsparken Tusenfryd for å ta del på eit arrangement der.

Dyrt å drive korps

Helle Røyset, korpssjef i Hareid skulekorps, får samtykkjande nikk frå dei andre korpsleiarane når ho slår fast at pengane frå banken kjem svært godt med.

– Det er dyrt å kjøpe inn både instrument og uniformer, og foreldra må jobbe hardt for å få inn pengar. Det er også eit poeng at i eit skulekorps er det ingen som må sitte på reservebanken. Der får alle vere med, også dei som er forsiktige når dei skal spele, legg ho til.

Rafteseth meiner det er eit poeng at det også er sosialt for foreldra å støtte opp om korpsa.

– Ikkje minst for oss som er innflyttarar er det ein fin måte å få kontakt med vaksne på, forklarer ho.

Både Bigset, Hjørungavåg og Hareid skulekorps hadde med seg musikantar under utdelinga av Teft-midlane. Og frå den kanten var det berre lovord om kor kjekt det er å spele i korps.

– Eg vart kanskje litt mildt tvinga til å bli med i Hjørungavåg skulekorps, men eg oppdaga fort at det var veldig kjekt, smiler Sivert Tretnes.

Og Magdalena Røyset har om mogleg ein endå betre attest:

– Eg vil aldri slutte å spele i korps.

Opp Bautebakken: Hjørungavåg skulekorps på veg opp bakkane i Bautevegen i bygda sitt tog nummer to på 17.mai.