Ove Henry Ringstad frå Ulstein mønstra på Vesle-Kari som femtenåring. Seinare vart han kaptein.

Sonen hans, Hans Ove, har vakse opp med historiene til faren om livet til sjøs. Det er både dramatiske historier og morosame historier. I lag med kona Agnés Capella Sala, som er illustratør, har han laga barneboka «Kaptein Ove og eventyret på ishavsskuta».

Ringstad har dikta litt vidare på historiene til faren, og lagt inn slikt som kunne ha skjedd, for å få det spennande for born.

Sala fortel at det er kanskje ikkje det som ein trur er oppdikta som er oppdikta, det kan like gjerne vere det som er sant, som seansen der heile mannskapet fekk magesjau om bord.

Boka er ei biletbok for born frå 3 til 9 år.

Men er ikkje dramatiske historier om livet frå ishavet for skummelt for små born? Nei, meiner Ringstad. Det bør vere litt dramatikk så det fenger.

Og sjølv om det til tider kan sjå noko mørkt ut i boka, ender det til slutt bra.

Samarbeidd med Ishavsmuseet

Forfattaren og illustratøren har ikkje sjølv vore til sjøs, så dei har gjort grundig research før dei laga boka. Dei har mellom anna vore på Ishavsmuseet Aarvak i Brandal for å setje seg inn i historia.

Agnés Capella Sala kjem frå Barcelona, så det var viktig for henne å danne seg eit inntrykk av korleis det er i ishavet før ho kunne lage illustrasjonane. Alle illustrasjonane har ho teikna og måla for hand.

– Eg likar betre å gjere det for hand, då blir det meir autentisk, meiner ho.

Bak i boka kan ein sjå ekte bilete av Vesle-Kari i isen og lese litt fakta om ishavsskuter og livet om bord. Desse bileta er lånt med løyve frå Ishavsmuseet.