Det var eit samrøystes Hareid formannskap som avviste dispensasjonssøknaden frå Fjord 1 om å få setje opp to lange tekniske bygg nede ved fjorden som dei hadde søkt om.

Norconsult klagar på vegner av Fjord 1 på dette avslaget. Det vil seie, i første omgang ber dei kommunen vurdere saka på ny. Om dei igjen får avslag, så klagar dei.

Norconsult argumenterer i klaga sin med at dei omsøkte tekniske bygga, ladetårn og fortøyingsautomat med tekniske føringar i bakken på Hareid ferjekai er påkravd for å realisere ferjeløysinga med el-ferjer som skal trafikkere sambandet mellom Hareid og Sulesund.

Dei skriv at det er sett strenge utsleppskrav til drifta av ferjesamband som er ute på anbod. Og krava som fylkeskommunen set til ferjene, heng saman med nasjonale og internasjonale forpliktingar gjennom Paris-konvensjonen og liknande. Elektrifiseringa av ferjene er ein lekk i at Co₂-utsleppa skal kraftig ned.

Ferjesambanda blir no utstyrt med hybridferjer som køyrer på straum frå batteria om bord. Ladinga av desse batteria krev store transformator-, omformar- og batterianlegg på land.

Norconsult meiner at også lokalsamfunnet vil tene på at Nox- og sotutslepp går ned ved å bytte ut dieselferjer med elektriske ferjer.

Norconsult meiner framleis at området mellom ferjekøa og strandpromenaden er den beste løysinga.

Alternativ plassering

Om dei ikkje får ha dei tekniske bygga/batteribygga der dei tidlegare har søkt om, ønskjer dei å plassere dei mellom oppstillingsplassen til ferja, og parkeringsplassen til Bunnpris (sjå teikning frå Norconsult).

Norconsult skriv at dei då byggjer delvis på kommunal eigedom, og delvis på fylket sin eigedom. Norconsult har stilt ein del spørsmål til Hareid kommune om prosessen ved å leggje bygga hit. Må dei til dømes leggje tiltaket ut på ny høyring til Fylkesmannen, Kystverket, Statens vegvesen osb.? Og kor lang behandlingstid vil det bli?

Hareid kommunestyre har møte i kveld, torsdag 24. mai, men denne saka står ikkje på saklista.