(NPK): Laurdag 26. mai vil folk frå Redningsselskapet tilby gratis til hjelp folk over heile landet for å sjekka at dei oppblåsbare flytevestane deira fungerer som dei skal.

– Vi begynte for første gong i fjor, men i år er første gongen vi går breitt ut med alle kontora våre og alle redningsskøytene våre. Målet er å få til ein nasjonal dugnad for å gjera folk meir medvitne om flytevest, seier Lars Kristian Enger i Redningsselskapet til Nynorsk pressekontor.

Søkjelys på dei oppblåsbare vestane

Det er spesielt dei oppblåsbare flytevestane Redningsselskapet har søkjelys på denne dagen.

– Seks av ti nordmenn veit faktisk ikkje at oppblåsbare vestar treng vedlikehald. Det er noko vi ønskjer å gjera noko med. Vi brukar difor denne dagen til å informera om dette. Målet er at den siste laurdagen i mai kvart år, skal bli Sjekk vesten-dag, seier Kristian Wiig Sandnes, leiar for førebyggjande avdeling i Redningsselskapet.

Eit av dei viktigaste tiltaka

Selskapet peikar på at bruk redningsvest er eitt av dei viktigaste tiltaka for å få ned talet på ulykker med alvorleg utfall til sjøs. Den årlege Båtlivsundersøkinga viser at folk generelt har blitt flinkare til å bruka flyteplagg. Medan berre halvparten av dei spurde for seks år sidan svarte at alle om bord alltid brukar flyteplagg, svarte to av tre av dei spurde i år at alle om bord alltid brukar godkjent flyteplagg.

– Men det er også viktig å syta for at flyteplagga verkar som dei skal – og når dei skal, strekar sjøfartsdirektør Olav Akselsen i Sjøfartsdirektoratet.

Sjøfartsdirektoratet er ein av mange som støttar aksjonen til Redningsselskapet, og sjøfartsdirektøren oppmodar alle til å sjekka at flytevestane deira fungerer som dei skal.