Digre steinkolossar med ca 4x5 meters overflate har stogga nede i skogen berre 30 meter frå bilvegen mellom Hareid og Brandal.

Ordførar Anders Riise opplyser at tidspunktet for raset var 24. april, med atterhald for at det har rasa ut endå meir seinare.

- Det var kraftige saker, som la ned store lerketre og utløyste mykje støv og røyk. Raset vart meldt vidare til Statens vegvesen v/Mesta, som har synfare området i etterkant, fortel ordføraren.

Faret etter raset er lett å sjå frå vegen, men særleg tydeleg når ein er i båt ute på fjorden. Fjellhammaren har rausa ut like under fjellbruna – og dei digre steinkolossane har også sopa med seg andre steinar, som låg i leia.

Men heldigvis roa raset seg før det nådde bilvegen.

Men det var nære på.

For eit par år sidan gjekk eit liknande ras nokre hundre meter nærare Brandal. Den gongen enda det med at ei diger steinblokk vart liggande midt på gangvegen.

Det er lett å sjå utgangspunktet for raset nedanifrå Brandalsvegen. Foto: Leiv Arne Grimstad.