Alle dei tre ferjene på Hareid-Sulesund er fredag morgon innstilte på grunn av tjukk skodde.

- Skodde er grauttjukk, vi ser nesten ingen ting herifrå, seier Kjetil Tafjord, styrmann på Tidefjord.

Ferja gjekk frå Sulesund klokka 03.00 i natt og ligg no utanfor moloen på Hareid.

- Vi kjem oss ikkje til kai på grunn av skodda, så her har vi lege sidan like før klokka 03.30 i natt, fortel Tafjord.

Tidefjord har ein bil med førar om bord, i tillegg til mannskapet.

- Det er ikkje ofte vi vert stoppa av skodde, men det same skjedde for rundt to år sidan, fortel styrmann Tafjord.

Dei andre ferjene i sambandet er også innstilte.

Høgsfjord ligg på Sulesund, medan Bjørnefjord ligg ved kai på Hareid.

Oppdatering: Norled skriv i ei driftsmelding at det blir normal drift i sambandet frå 09:30.

Tjukk skodde på Hareid Foto: Ylva Overå Hide