Dette er ei sak som fleire meiner har vore uryddig handtert. Tor Meinseth (H) sa til dømes i sist formannskapsmøte at han ikkje hadde vore ute for noko så rotete i sine tjue år i politikken.

Anbodssak blei til tomtesak

Det var fleire av kommunestyrepolitikarane som rista på hovudet då saka som eigentleg skulle handle om administrasjonen sitt ønskje om å få fullmakt til å lyse ut ein anbodskonkurranse, i staden blei til ein diskusjon om å starte på nytt i valet av tomt til ny brannstasjon.

– Her må vi følgje saksgangen og planen som er sett opp, ordførar, sa ein tydeleg frustrert Eldar Knotten (V) frå talarstolen i kommunestyresalen.

Kompleks sak

Saka skriv seg tilbake til i juni fjor, men det var i sak 17/65 under kommunestyremøtet 21. september at det blei gjort vedtak om å leggje den nye brannstasjonen til tomtealternativ 13, Rud-tomta (i Holsekerdalen, vest for Ulstein bil). Før dette hadde teknisk utval i møte 24. august tilrådd å gå for tomt 11 eller 13 i Holsekerdalen, då tomt 9 i Skollebakken var eit sentrumsnært areal som kunne nyttast til noko anna.

18. oktober fekk Ulstein kommunestyre tilsendt eit brev frå mannskapsgruppa i Ulstein brannvesen, som meinte at dette tomtevalet var svært uheldig med tanke på brannberedskapen i kommunen, og oppmoda politikarane til å gjere ei ny realitetshandsaming.

Så, i etterfølgjande kommunestyremøte, 26. oktober, blei det med basis i meldingssak 17/70 gjort vedtak om at administrasjonen skulle leggje fram sak om tomteval på nytt. Denne gongen basert på innsats- og utrykkingstid. Det kom seinare fram via fylkesmannen at vedtaket om å ta opp igjen saka var lovleg fatta.

Til kommunestyremøtet 14. desember hadde administrasjonen fått i oppdrag å gjere ei ny utgreiing kring tomteval. Rådmannen kom då med tilrådinga om at tomt 9 som var føreslått, Skollebakken (mellom vegen i Holsekerdalen og omsorgsbustadane på Ulshaugen), var det beste alternativet. Her kom det også fram at alternativet kommunestyret hadde gått for, tomt 13, ville føre til ei innsatstid som var over tre minutt over tidskravet til innsatstid, medan tomt 9 ikkje ville gå over tidskravet.

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) var også kopla inn på eit tidlegare stadium, og sa klart ifrå om at dersom kommunestyret ville halde på valet av tomt 13, måtte det kompenserande tiltak til. For Ulstein kommune ville det utgjere ein kostnad på mellom 3 og 4 millionar kroner, til utbetring av veg til Alvehaugen og montering av sprinklaranlegg.

I formannskapsmøtet 15. mai i år kom ordførar Knut Erik Engh (Frp) med eit framlegg om å ikkje ta stilling til anbodsprosessen no, men i staden at kommunestyret skulle ta stilling til premissane for vidare handsaming av saka, særskilt knytt til tomtevalet.

– Kjekt å vere fredsmeklar

Etter mykje debatt og fleire innlegg frå dei ulike partia gjekk partia kvar til sitt og heldt gruppemøte. Til slutt kunne bursdagsbarnet Lisa Mari Breivik Anderson (Sp) leggje fram eit fellesframlegg, som alle partia slutta seg til.

– Eg må seie det er kjekt å kunne vere fredsmeklar av og til. Poenget her er å leggje dette dødt, og ikkje krangle om det som har skjedd. Det er meiningslaust det som har blitt diskutert i denne saka i dag, sa Anderson og la fram fellesforslaget:

«Ulstein kommunestyre ønskjer ei ny sak om lokalisering av ny brannstasjon med basis i sak 17/81. Brannstasjonen må byggjast av kommunen sjølv, og ikkje leggjast ut på anbod.»

Fellesframlegget blei vedteke, samrøystes.