– No er eg dritlei av å sjå all denne plasten!

Frank Johnsen frå Hareid er ein ivrig fiskar og turgåar og er oppgitt over all rundballeplasten som hopar seg opp ute i naturen, mellom anna i den idylliske Kaldholelva som også er ein del av eit naturvernområde.

Han håper at det auka medvitet rundt plast i naturen også skal føre til at det no vert organisert rydding av skjemmande plast.

Sjølv har han saman med kompisar og familie vore med på å rydde elvebardane for plast og anna søppel, både i Kaldholelva og i Hareidselva.

Brøytestikker og syklar

– Det er utruleg kva folk får seg til å kaste. Eg har plukka opp fleire syklar som folk har kaste utfor Hareidsbrua, bildekk og bilbatteri har eg også funne, ja, til og med ein stasjonær pc har eg tatt opp frå elva, seier Frank og legg til at dei også har rydda opp mengder av brøytestikker. Desse er også av plast.

Under ein ryddeaksjon i privat regi vart det samla inn fleirfaldige sekkar med skrot og fleire plastbøtter med glasbrot.

Frank tek oss med på ein liten sightseeing langs Kvitholvegen og syner fleire stader der det ligg mengder med gamle rundballar.

– Eg går ofte tur i dette området og har lenge irritert meg over alle rundballane som berre er dumpa i terrenget og har blitt liggande. Det er ufatteleg at det har gått så langt. Det verkar som om folk har sett seg blinde på kor stygt det ser ut og ikkje bryr seg meir, seier Frank Johnsen.

Kan skade dyra

Ein ting er at det ikkje ser vidare pent ut.

– Det er enda verre at plasten vert verande i naturen og gjer skade på dyr og fuglar.

Innhaldet i mange av rundballane er for lengst i ferd med å verte kompost, men plasten ligg der framleis. På nokre av ballane gror det både mose og anna vegetasjon, så alt tyder på at dei har lege der i årevis.

Trass i dette er området likevel fullt av temmeleg ferske spor etter hjort som har vore på staden på leiting etter mat.

– Kva skjer dersom eit dyr får dette ned i magen, spør Frank og dreg i nokre gamle plastremser som sit fast i bakken.

Han minner om at før eller seinare vil plasten bli broten ned og til slutt ende i havet som mikroplast.

– Ein skulle tru at bøndene var opptekne av å ta vare på omgjevnadane sine, seier Frank som meiner at gardbrukarane har eit samfunnsansvar også når det gjeld å unngå forsøpling.

– Dei får tilskot for å slå markane, men dette arbeidet er meiningslaust dersom rundballane ikkje vert nytta og berre vert dumpa. Då er det betre berre å la graset ligge på marka etter at det er slått, meiner Frank Johnsen.

Kaldholelva: Remser av rundballeplast har sett seg fast i greiner langs breidda av Kaldholelva.
Kvitholen: Fleire stader langs Kvitholvegen er det lagra rundballar, nokre har lagt der i årevis.