Oddvar Gjerde ved Søre Sunnmøre Landbrukskontor fortel at dei kjenner til at det finst ein del gamle rundballar som ikkje er forsvarleg tekne hand om i distriktet.

– Dette dreier seg nok om gamle synder. I dag finst det innsamlingsordningar for landbruksplast der gardbrukarane kan levere plasten gratis.

Oddvar Gjerde seier at det er den som eig rundballen som har ansvaret for å kvitte seg med plasten på forsvarleg vis.

– Innhaldet vil til slutt ròtne og verte til jord. Men plasten forsvinn ikkje, seier Gjerde. Når det gjeld plasten som hamnar i elva trur han det er det uråd å spore opp kvar denne skriv seg i frå.

– Eg oppmodar i alle fall alle til å fjerne plasten før dei eventuelt kasserer rundballar ute i naturen, seier Gjerde.

– Gardbrukarane har også vorte flinke til å gjerde inne rundballane slik at hjorten ikkje får laga hol i dei og dermed øydelegg innhaldet, seier han.

Han fortel at det har kome meldingar om at hjort og beitedyr skal ha fått i seg landbruksplast.