Ho sa dette i samband med ein forvaltningsrapport der det har kome fram at ventetida på det interkommunale PPT-kontoret har vore oppe i eitt og to år.

Ho meinte denne ”system-tendensen” gjorde det vanskeleg å få gjennomført ”enkeltsaker” også i det store barnevernsamarbeidet på søre Sunnmøre.

– Noko av det mest alvorlege, sa kontrollutvalsleiaren, – er den lange ventetida som er i PPT-tenesta. – At det for nokre kan gå eitt eller to år før tiltak eller hjelp er på plass.

– Sjølv om PPT og barnevernstenesta berre er to interkommunalt samanslegne arenaer, så ser det for meg ut som ein trend at dei nye kontora brukar altfor lang tid på å ”setje sine eigne indre liv” før den utadretta aktiviteten kjem godt i gang. Eg meiner at dette ikkje er slik det skal gjerast – og ikkje minst bør dette unngåast når vi har med barn å gjere, sa Berte Holstad Engen.

– Samanslåingar og fusjonar skjer heile tida rundt oss, og ikkje ser eg at kjerneproduksjonen av møblar, olje, syklar eller anna blir sett på vent til ”det indre liv” har sett seg i den nye verksemda. Så då bør vi klare det same i dei kommunale selskapa vi dannar, sa Berte Holstad Engen.