Dette fortalde kyrkjeverje Bente A. Pilskog då ho i forkant av kommunestyremøtet på Melshorn Hotell torsdag heldt eit orienterande foredrag om arbeidet i kyrkja.

Ho starta med å fortelje at ho hadde budd i Hareid i 20 år, men først no hadde fått høve til å jobbe i sin eigen bukommune. Etter 18 år som Rolls Royce-tilsett hadde ho vore sekretær i Ulstein sokn i to år før ho søkte – og fekk - stillinga som kyrkjeverje i Hareid – ei stilling som no var oppgradert frå 80 til 100 prosent.

Mot slutten av foredraget kom dei meir konkrete framtidsvyene, bl. a. planane om eit lite tilbygg ved inngangen til kyrkja, nytt golv og varmesystem og inngang med universelt utforma toalett og kjøkkenkrå.

- Dette håper vi å kome i gang med i 2019, sa kyrkjeverja.

I landstoppen

Pilskog fortalde elles at Hareid ligg heilt i landstoppen når det gjeld trusopplæring. – Vi har gåande 24 ulike tiltak for dei mellom 0 og 18 år – og vi har tiltak på kvart alderssteg, noko soknet nesten er åleine i heile landet om å ha, sa ho

Det vart også nemnt at Hareid hadde hatt auke i besøket til gudstenestene i 2017 – stikk i strid med den nasjonale tendensen.

- Så vi får til noko som dei ikkje får til andre stader i landet, sa kyrkjeverja.

Nytt golv og varmesystem er nokre av planane for oppgradering av Hareid kyrkje. Foto: Arkiv.