17. mai prøvde eg meg på å sende live frå folketoget på Hareid.

Det gjekk ikkje særleg bra.

Den nye redaktøren har vore i sving i over eitt år no. Det knytte seg naturleg nok ei viss spenning til korleis det kom til å fyke av seg, men eg tykkjer ho gjer ein god jobb.

Nye sjefar betyr nye tankar og nye måtar å gjere ting på. Noko nyeredaktøren stadig etterspør er dei gode historiene. Ein konsertomtale skal difor helst ikkje vere berre ei oppramsing av kva som vart framført på konserten, men gjerne gi lesaren ein ekstra dimensjon i form av ei personleg historie. I så måte innfridde min gode kollega Andreas i samband med dekninga av årets nyttårskonsert i regi av HDU og Musikklaget Ulf. Under tittelen «Brotne ribbein stoppa ikkje Nyttårskonserten» kunne han fortelje at tenoren Mikkel Skorpen steppa inn i staden for Marius Roth Christensen, som hadde skada seg.

Med denne vinklinga framleis i minnet saumfór eg difor samtlige musikantar som tok del på Vårkonserten til korpsa i Hareid. Men nei. Her var ingen brotne ribbein. Ingen trommeslagarar utan armar, klarinettistar med laktoseintoleranse eller nokon som sleit med kombinasjonen krykker og tuba. Ikkje eit snev av at nokon drog litt på det eine beinet ein gong.

At historiene er der, det er det ingen tvil om. Kvar og ein av korpsmusikantane i Hareid ber på ei eller fleire. Problemet er å finne dei. Ettersom dei fleste historiene ikkje er openberre, ville det krevje ein enorm innsats å skape nok tillit til at korpsmusikantane opna seg for ein lokal bladfyk. Eg nøgde meg difor med å formidle i overskrifta at alle musikantane i Hareid samla seg til eit kjempekorps.

Så var det tid for 17. mai.

Eit par dagar før nasjonaldagen plar redaksjonen samle seg for å fordele dekninga av feiringa i dei einskilde krinsane i mellom seg. I år tok eg på meg Hareid og Hjørungavåg.

– Få til livesending av toget på Hareid på Facebook, oppmoda redaktøren.

I løpet av formiddagen på 17. mai hadde eg registrert at det vart sendt live frå barnetoget i Haddal, i Eiksund og på Bigset. Eg kjende difor sterkt på at også barne- og borgartoget på Hareid måtte liveoverførast.

I god tid før toget skulle marsjere frå Hareid barneskule, posisjonerte eg meg difor i ei slak kurve rett utanfor skuleporten. Ein ideell stad for å forevige toget.

I forkant hadde eg fått opplyst rutetraseen av sjølvaste ordføraren, så researcharbeidet var det ingen ting å seie på.

Toget sette seg i rørsle og eg trykte på livesendingsknappen på telefonen min.

Først vart eg litt overraska over å sjå mitt eige andlet, og ikkje flaggborga med ordføraren i spissen, på skjermen. Deretter kjende eg kaldsveitten piple på innsida av bunadsskjorta. Shit! Trynet mitt vert sendt live på Facebook med potensielt heile verda som sjåarar! Livet mitt er øydelagt! Febrilsk prøvde eg å få svitsja over til det andre kameraet på telefonen, det som var retta mot toget. Men nei. Det synte seg diverre at når ein først har starta ei livesending, så er det uråd å gjere noko som helst med innstillingane. Ikkje fekk eg til å skru av sendinga heller, så til slutt snudde eg rett og slett telefonen for å filme toget i staden for meg sjølv. Ulempene var at eg ikkje såg ein døyt av kva som vart filma og at biletoverføringa av folketoget gjekk føre seg speilvendt.

– Eg prøvde i alle fall, trøysta eg meg sjølv med. Innbyggjarane i Hjørungavåg måtte likevel nøye seg med berre ein bildeserie frå folketoget.