Rådmann Einar Vik Arset presenterte først årsrapporten for Ulstein kommune, eit dokument og eit arbeid som hausta mange lovord frå politikarane. Men det var også dei som meinte at kommunen burde fokusere meir på dei svake i samfunnet.

Så presenterte økonomileiar Steinar Nummedal rekneskapstala for 2017.

Der var det mykje som forventa – men også ein del overraskingar.

Sjølv om det etter budsjettet blei brukt like over 460.000 kroner av disposisjonsfondet for å dekkje inn det som eigentleg var eit lite underskot på 138.000 kroner, slik at kommunen enda opp med eit rekneskapsoverskot på 325.000 kroner, er det uansett imponerande at økonomiavdelinga har klart å snu situasjonen.

– Vi spådde eit underskot på heile 11,5 millionar kroner, men på grunn av uventa ting, så skjedde ikkje det. Det er sjølvsagt veldig gledeleg, sa Steinar Nummedal under presentasjonen.

Hovudsakleg skuldast denne snuoperasjonen eit tilskot på 7 millionar kroner i ei busettingssak, eit gunstig pensjonsoppgjer, eit positivt avvik på rentekostnadar og eit betre resultat for sentraladministrasjonen, teknisk etat og helse og omsorg. Sistnemnde hadde eit negativt avvik på 11 millionar kroner, medan det var spådd å ende på 12 millionar kroner. Så skal det også seiast at kommunen har nytta meir pengar for å kome nærmare likeløn.

Betre enn budsjettert – men litt urovekkande

Kommunen hadde eit netto driftsresultat på 2,9 millionar kroner. Dei samla inntektene på skatt og rammetilskot kom på 450 millionar kroner, eller 2,6 millionar meir enn budsjettert. Dette trass i svakare utvikling målt mot resten av landet.

– Om ein ser på skatteinngangen vår har den gått ned under landsgjennomsnittet i skatteinngang mål per innbyggjar i 2017. Det er tøffe tider i regionen, men det er også eit samansett svar på spørsmålet om kvifor det har blitt slik, seier Nummedal.

Assisterande rådmann Verner Larsen hadde ifølgje Nummedal fortalt at Ulstein kommune ikkje har vore under landssnittet sidan ein gong på 1990-talet.

Rådmann Einar Vik Arset (bildet) og økonomileiar Steinar Nummedal presenterte hovudtrekka i høvesvis årsrapporten og årsrekneskapen for 2017. Foto: Ole-Ottar K. Høgstavoll.