– Eg hadde sysla ei stund med tanken om å lage eit slikt nett til frukt og grønt, men så foreslo ei av døtrene mine at eg skulle kalle det grøntnett. Eg brukar dei både til frukt og grønsaker. Og så betyr det også at det er eit miljøvenleg alternativ til alle plastposane, fortel ho.

Vikebladet Vestposten møter den handarbeidsglade dama frå Botnen, busett i Haddal, utanfor Rema-butikken i Ulsteinvik. Over skuldra har ho eit kvitt, stort, hekla handlenett. Oppi der ligg det mindre nett i ulike fargar.

– Eg har hekla nett i ulike storleikar, eg tek dei alltid med meg når eg skal stad og handle. Dei tek ikkje stor plass, seier ho, og viser fram heimehekla produkt i alle regnbogens fargar.

Inne i butikken leitar ho først og fremst etter frukt og grønt i lausvekt. Tomatar får plass i eit guloransje nett, appelsinar i eit gult, medan kiwiane vert plasserte i eit oransje heklenett.

– Eg har brukt mange herlege fargar, så då er det berre å velje og vrake. Oransje på ein dag eg treng litt meir energi, kanskje?, seier Ertesvåg.

Enkelt å hekle

Grøntnetta er hekla av bomullsgarn. Ertesvåg har brukt restegarn.

– Ja, eg tømde syskrinet mitt for garnrestar. Eg fann mellom anna eit veldig tynt garn, og det er perfekt, for desse netta bør ikkje vege for mykje. Her kan ein variere i det uendelege! Ta det garnet du har og finn ein heklekrok som passar til, det er utruleg enkelt. Du heklar så lenge du har garn eller til du synest nettet er passeleg stort. Eg ser at mange lagar ein fin kant øvst, men då blir det tyngre og dermed dyrare når vi skal betale for frukta og grønsakene. Difor lagar eg berre ei snor øvst, fortel Ertesvåg.

Får du kommentarar frå dei som jobbar i butikkane når du legg desse netta på bandet?

– Nei, det er aldri noko problem. Eg trur rett og slett det er fleire og fleire som både lagar og brukar slike nett. Eg gir vekk ein del, det er kjekke, små venninnegåver. Døtrene mine har også fått mange, sjølv om dei lagar sjølve også.

Redusert plastmengda

Anita Nes Ertesvåg er ferdig med å handle. Utanfor butikken vedgår ho at ho av og til må bruke noko anna enn det heimehekla for å få med seg varene heim.

– Det er klart, når eg skal storhandle, då må eg ha noko som er litt kraftigare, til dømes slike bereposar du kan kjøpe på daglegvarebutikkane.

Brukar du aldri plastposar?

– Jau, eg gjer nok det også. Det kjem litt an på, viss eg kjem frå fjelltur og kjem på at eg må handle noko, då hender det sjølvsagt at eg må ty til plastposar for å få med meg varene heim.

Kor mykje har du redusert plastavfallet i heimen etter at du tok i bruk desse heklenetta?

– Så lenge eg brukar netta kvar gong eg handlar, så let eg vere å bruke plastposar. Så konklusjonen må vel vere 99.9 prosent. Det som er dumt, er at veldig mykje grønt er pakka i plast. Og eg er ikkje av dei som pakkar ut av plasten før eg kjøper. Her må det kome ei anna ordning, og eg veit at fleire aktørar jobbar for å påverke butikkane, seier ho.

Vil du også hekle slike nett? Sjekk vikebladet.no, der ligg oppskrifta til Anita.