Starta ny matbutikk på Hareid:

– Eg ville følgje ein draum eg har hatt lenge

I butikkhyllene i den nystarta butikken til Vasanth Marmalingam på Hareid bognar det av spennande matvarer og tilbehøyr til det asiatiske kjøkken.

Ny butikk: Vasanth Marmanlingam opna i slutten av april ein ny matbutikk på Hareid, Sakashra AS. Han håper lokalbefolkninga handlar i butikken, og han lovar god service. Foto: OleOttar Karlsen Høgstavoll  Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

Nyhende

Ikkje sidan den førre butikken på Hareid som selde asiatisk mat gjekk konkurs for ei tid tilbake, har det vore eit liknande tilbod. Det ville Vasanth Marmalingam gjere noko med.