Jan Brandal har ingen planar om å gi seg etter 50 år på Libra Plast

– Eg er ikkje mett enno

Den 10. mai i 1968 gjekk 16-åringen Jan Brandal inn til Albert Lillebø på Libra Plast og spurte om han kunne få jobb. Det fekk han.

Gir seg ikkje: Jan Brandal (66) har arbeidd hos Libra Plast i femti år, men har ikkje planar om å slutte med det første. 

Nyhende

Vel 50 år seinare tek Jan i mot oss på kontoret sitt i Libra sin fabrikk på Raffelneset på Hareid.