Hareid formannskap tilrådde løyvinga i sitt møte måndag.

Ingvill Arhaug Bovill ved Sporstøl Arkitekter har kome med eit førebels skisseforslag til eit kulturbygg i forlenging av Hareidhallen (med lengderetninga mot sjøen). Ho tenker seg fasadeveggen med store spiler.

Ho skriv i samband med eit grovt planutkast at ho har lagt vekt på å få til ein fasade som er litt meir enn ein «boks», men som likevel er enkel og grei.

I eit notat til dei private pådrivarane i saka skriv Arhaug Bovill at ho enno ikkje har fått sett så nøye på planløysinga. Men ho ser for seg eit område for toalett under amfiet i ei sone som kan munne ut i eit garderobeområde og kanskje med «kaffimulegheiter». Galleri med sitjeplassar har ho også tenkt på.

I dette første planutkastet ligg det inne at amfiet skal ha plass til 500.