Skrive av Mattias Grimstad

Joakim Berge Sæther, ein elev frå Ulstein ungdomsskule, får ein liten smak på arbeidslivet i Ulstein Arena denne veka, der han får prøve seg å arbeide med diverse ting. Han er ein av dei mange elevane frå Ulstein ungdomsskule som har arbeidsveke denne veka.

Trur du denne veka påverkar valet ditt om kva du vil bli, når du blir eldre?

Ja litt, fordi eg får sjå korleis det er å vere ute i arbeidslivet, og samtidig får eg sjå om plassen eg besøker kan vere noko for meg.

Kva var det som fikk deg til å velje denne arbeidsplassen her?

Det at det er eit heilt nytt bygg, og at det verka kult å jobbe her, i tillegg til at vi kan sjå korleis det er for dei som jobbar her til vanleg.

Trur du det er sannsynlig at du kjem til å jobbe på din «noverande» arbeidsplass i framtida?

Eg trur ikkje det, fordi no har eg sett korleis det er, og eg trur ikkje det er akkurat det eg vil jobbe med når eg blir eldre.

Kvifor trur ikkje du det?

Både på grunn av at det ikkje var like gøy som eg trudde, i tillegg til at ein treng ikkje noko utdanning for å ha denne jobben, og eg vil ha ein betre jobb der eg treng utdanning.

Kva har du jobba med?

Eg har sjekka at sklia var grei, tatt vekk det skitne som var inne i jacuzzien og festa basketkorgene.

Ikkje dei kjekkaste oppgåvene i verda, altså?

Nei, det er det ikkje.

Om du hadde fått moglegheita, hadde du hatt lyst på endå ei veke med arbeidsveke?

For å vere heilt ærleg, nei, fordi det er litt lite å gjere.

Vi takkar Joakim for intervjuet, og ynskjer han lykke til vidare med arbeidsveka.