I år får skuleelevane større del av Dei nynorske festspela enn tidlegare. Det er første gongen (sidan 1999) at Festspela blir arrangert før skuleferien. Då ville me gjerne gje eit tilbod til skulane også, fortel Gaute Øvereng, som er dagleg leiar i Ivar Aasen-tunet.

Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal tok kontakt med dei for å samarbeide, noko som gjorde det mogleg å gje eit tilbod også til Ulstein og Hareid, ikkje berre Ørsta og Volda. Øvereng seier dei er særs glade for det.

Apetryne

Femteklassingar, sjetteklassingar og sjuandeklassingar frå Bigset, Hjørungavåg og Hareid var samla i aulaen på Hareid skule tysdag føremiddag.

Forfattaren sjølv starta med å spele gitar og syngje medan elevane kom til ro. Det var ein underfundig tekst om reisa og at han hadde vakna i Ørsta. Ein del av elevane lo med, andre sat meir andektige og lytta. Denne opninga hausta han stor applaus for.

Elevane fekk gjetta kvar han er frå. Bergen, tippa ein. Nei, Atle Hansen ville ikkje ha på seg at han er bergensar, han er frå Stord i Sunnhordland.

Han tok elevane med femti år tilbake i tid, då han sjølv var på deira alder. Ei tid utan mobiltelefonar, datamaskiner, Internett, og fjernsyn ikkje var vanleg. Kunne elevane tenkje seg det? Det kom eit rungande nei til svar.

Hansen fortalde om ei episode frå barndomen der han hadde fått slengt etter seg at han såg ut som ei ape. Dette var noko som sette spor, sjølv om han som sa det truleg berre sa det for moro. Denne erfaringa har han tatt med seg og brukt i boka si «Apetryne». Berre at her er historia lagt til vår tid, og han har dikta vidare. Her er det mobiltelefonar med kamera involvert, noko som gjer at mobbinga eskalerer. Då han vart erta var det få som visste det. Når ein i dag filmar det og spreier det på nettet veit dei det i Ålesund, Oslo og London også. – Det er grusomt å tenkje på, sa han.

Hansen veksla fint mellom å lese frå boka si og snakke med skuleelevane om dette viktige temaet. Og han føydde til at boka også handlar om forelsking.

Ikkje skummelt å lære nye ord

Atle Hansen fortalde at det hender lærarar seier til han at han nyttar gamaldagse ord på båtar. – Orda er ikkje gamle, dei står i ordboka. Det er berre lærarane som ikkje har peiling på båtar. Dessutan er det ikkje farleg å lære seg nye ord, var motsvaret frå han.

I samarbeid med biblioteka

Skuleturneen vart gjort i samarbeid med Fylkesbiblioteket og folkebiblioteka. Onsdag var det framsyningar i Ulstein: Ulsteinvik barneskule, Ulstein bibliotek og Hasund skule.

Fylkesbiblioteksjef Annette Elin Koch fortel at dei gjerne vil samarbeide meir med festivalar som Dei nynorske festspela og Bjørnsonfestivalen. Det har fylkesbiblioteket nedfelt i fagplanen sin. Og no som festspela er flytta så dei blir gjennomført før skulane tar sommarferie, vart det mogleg å også gjere noko for skuleelevane.

I tillegg til å spreie god nynorsk litteratur til skuleelevane, ønskte dei å gjere biblioteka meir synlege. Det var eigenleg ein føresetnad at desse forfattartreffa skulle gå føre seg på folkebiblioteka, men no vart ein del av arrangementa lagt til skulane.

– Neste år kan det bli aktuelt å utvide samarbeidet til også å gjelde fleire kommunar, som Vanylven og Sande, seier Koch.

Herøy kommune fekk også tilbod om forfattarbesøk av Atle Hansen, men dei takka nei.