Hødd G16 møter Rosenborg i cupen laurdag:

– Vi skal gje Rosenborg kamp

Hødd G16-trenar Tommy Malins meiner Hødd skal skape trøbbel for trønderane i laurdagens cupoppgjer på Høddvoll.

Viktig spelar Sindre Ryttvad Kleiven blir éin av dei som skal prøve å nedkjempe Rosenborg heime på Høddvoll.   Foto: Foto: Arkiv/Andreas Steinnes Bjerknes.

Nyhende

Hødd tek i mot sjølvaste Rosenborg til tredjerundekamp i NM i fotball for G16-lag laurdag.

Hovudtrenar Tommy Malins fortel at det er ein konsentrert og godt førebudd tropp som gler seg til å spele mot trønderane.

– Vi har jobba knallhardt før denne kampen, og har hatt kanskje den beste treningsveka så langt i sesongen, fordi spelarane er så motiverte for å gjere sitt beste. Alle spelarane er friske og raske, vi har heldigvis ingen skadde, så dette skal bli bra. Eg er overtydd om at vi skal gje Rosenborg kamp, og vi håper sjølvsagt på vidare avansement, seier Malins.