Eksamen gav søke-boom for ordbok

Talet på folk som søkte i den elektroniske ordboka auka kraftig nokre dagar i mai. Eksamen i norsk var årsaka til oppsvinget.
Nyhende

(NPK): På det meste hadde ordbøkene meir enn 360.000 oppslag på ord på eitt døgn. Den 24. mai var det eksamen i norsk sidemål i vidaregåande skule. Dagen for hovudmålseksamen gav også tal som ligg over normalen – 150.000 oppslag blei registrert, fortel universitetsavisa På Høyden.

– Det ser lyst ut for ordboksarbeidet ved UiB, seier professor Johan Myking.

Tendensen var også merkbar dei dagane det var eksamen i grunnskulen. Til vanleg er det i underkant av 50.000 oppslag i ordbøkene på nett kvar dag, skriv avisa.

Universitetet i Bergen tok over språksamlingane i 2016 etter at Universitetet i Oslo ville leggje dei ned. Nynorskordboka og Bokmålsordboka på nett er eit resultat av språksamlingane.