Fryktar for Snoezelen-tilbodet til Tuva

– Tuva, du må hugse å ta av lestane også.
Nyhende

Det er tysdag morgon i tredje etasje på Ulstein Kompetansesenter. Tuva er 11 år og går i femte klasse på Hasund skule. No sit ho i gangen og har teke av seg jakke, sko og caps. På døra står det Snoezelen, barfotsone. Avdelingsleiar Turid Berg-Rusten har følgt Tuva heilt sidan ho starta på Snoezelen då ho var knapt to år gamal.