Ulstein-rådmannen søkjer jobb i Oslo

Oslo Rådmann Einar Vik Arset er mellom dei 20 søkjarane til toppjobben i Oslo kommune sitt byggselskap.   Foto: Arkivfoto / Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Rådmann Einar Vik Arset er ein av søkjarane til jobben som direktør for Oslo kommune sitt byggselskap, Boligbygg. Det melder NRK Møre og Romsdal.

Boligbygg OSLO KF er eigd av Oslo kommune og er landets største bustadsutleigar. Selskapet forvaltar og leiger ut dei kommunale bustadane i hovudstaden. Dette omfattar over 11.000 bustader og tilsaman bur det rundt 25.000 menneske i desse husværa.

Det er tjue søkjarar til stillinga, 19 menn og ei kvinne.

I utlysinga av stillinga heiter det: "Boligbygg Oslo KF søkeren trygg og samlende leder som vil være sentral i videreutviklingen av en viktig samfunnsaktør. Administrerende direktør skal ha en pådriverrolle i forhold til utvikling av organisasjonen. Dette innebærer at strategiske og analytiske evner vil være viktig, men det må kombineres med beslutningsevne og handlekraft."

I følgje Dagens Næringsliv trakk den førre toppsjefen seg frå stillinga i desember i fjor etter påstandar om korrupsjon i selskapet.