Vikebladet Vestposten møter dei engasjerte elevane ved småbåtkaia på Indre Hareid. Etter vel ein time med ryddearbeid i strandsona har dei samla inn eit stor haug med skrot. Her er ei gamal oljepumpe, eit gamalt bilratt, kjøkenreiskap, brøytestikker, isopor, brannsløkkingsapparat, sykkelhjul, tre syklar, eit do, crocs, tomflasker, taustumpar, kilovis med glas og haugevis med plast.

– Så fann me ei vinflaske! Sjå, ho er frå 1137! hevdar ein gut.

Rydda i fleire dagar

Lærar Wenche Jøsok fortel at elevane har rydda i fleire omgangar. Dei har rydda rundt skulen, dei har rydda strandsona innanfor Libra Plast og ute ved Flømannbuda og ved Dimo.

Elevane verkar overraska over alt dei finn.

– Kva synest de om at folk kastar frå seg slikt i naturen?

– Det er veldig dumt. Slemme folk, dei må skjerpe seg, svarer elevane.

– Kva gjer de om de ser nokon som hiv frå seg bos i naturen?

– Då seier eg «hei, du mista noko, plukk opp etter deg», svarer ei jente. Fleire av jentene vil ikkje føye på ei lita lekse om at det ikkje er bra å forureine naturen og drepe dyr gjennom å søple til på det viset.

Eigen ryddedag?

Malene foreslår at Hareid kommune innfører ein eigen ryddedag, for det ligg og sleng så mykje rart ute. – Folk må få ræva i gir og slutte å kaste plast, meiner ho.

Miljøagentar

Femteklassingane ryddar gjennom Miljøagentane sin landsdekkande strandryddeaksjon «Oppdrag Havplast». Startskotet gjekk 28. mai og aksjonen varer fram til 11. juni.

Aksjonen er i samarbeid med Finn.no. For kvar plastsekk med bos dei plukkar får klassen 100 kr til klassekassa. I tillegg blir det delt ut tre spesialprisar, der vinnarane får 10 000 kr ekstra til klassekassa.

Det er tydeleg at dette er ein aksjon som engasjerer elevane. Dei har fått med seg at om me ikkje gjer noko drastisk vil det i 2050 vere meir plast i havet enn fisk. og slik vil dei ikkje ha det.

Denne store haugen samla dei på litt over ein time. Dei har funne isopor, kjelar, plast, glas og mykje anna. Dei fann også nokre gamle bildekk, men dei greidde dei ikkje å ta opp. Foto: Ingvild Aursøy Måseide