– Eg synest at alle hundar er veldig fine. Og når eg blir kjent med dei, vert dei fort spesielle for meg.

Det er tidleg torsdag ettermiddag på Freya Hundepensjonat i Plassane 58 på Hareid. Sara Sota har nettopp teke imot lokalavisjournalisten, og rundt føtene våre krinsar eit tjuetals hundar i alle storleikar. Ein svart labrador er rask med å legge framlabbane på overarmen til journalisten og får like raskt beskjed om å la vere.

– Det der er heilt vanleg, mange hundar oppfører seg skikkeleg mot eigaren sin, men sjekkar ut grensene når dei møter andre menneske, fortel Sara.

Litt seinare, ved eit lite bord i luftegarden, fortel nittenåringen at ho drøymer om å ha hund som yrke.

– Ja, eg har veldig lyst til å verte hundetrenar, å lære dei kvardagslydigheit. Det vil seie å gå fint i band, ikkje hoppe oppå folk og å lyde kommandoar til dømes. Det er viktig å sosialisere hundar, gjere dei trygg på andre hundar og menneske, seier ho, og stryk Emil på hovudet. Han er ein Cavalier King spaniel som tydelegvis er glad i Sara.

Her på hundepensjonatet jobbar nittenåringen etter skuletid på tysdagar, torsdagar og fredagar. Og hundane er her anten fordi eigaren er på ferie eller så er dei her berre på dagtid, som ein barnehage for hundar. Det er Marte Hareide som driv pensjonatet. Ho er viktig for Sara.

– Marte er ein fantastisk læremeister, hundane her vert behandla med masse kjærleik og humor, fortel ho.

I praksis på Kreta

Sara har budd i Ulsteinvik i fem år og er straks ferdig med første året med studiespesialisering på Ulstein vidaregåande skule. Og nyleg førte hundeinteressa til at Sara fekk ha fire veker praksis på Kreta.

– Eg var på Kreta i fjor sommar. På førehand hadde eg funne The Souda Dog-Shelter Project på Facebook, og i fjor sommar oppsøkte eg staden. Og så sa skulen heldigvis ja til at kunne få vere der og jobbe fire veker no i vår, fortel ho.

The Souda Dog-Shelter Project er ein plass for heimlause gatehundar på Kreta. Det er altså ikkje det same som eit hundepensjonat, der hundane har eigarar som kjem og hentar dei når opphaldet er over.

– Eg vil heller seie at «shelteret» er eit krisesenter for hundane, seier Sara.

Ho fortel at det var 190 hundar der då ho besøkte heimen i fjor sommar. No var der sytti hundar.

– Det var ein hard jobb, du må vere verkeleg interessert i hundar for å klare det. Arbeidsoppgåvene mine var mellom anna å spyle bura, ta vekk bæsj, gje hundane mat, vaske, rydde og å sosialisere hundane, seier ho.

Ho fortel at heimlause hundar er eit stort problem på Kreta og at det finst mange slike krisesenter. Det tok lang tid før hundane vart trygge på henne.

– Ja, mange var veldig redde. Så i starten berre gjorde eg jobben min og etter kvart kom hundane frivillig bort til meg. Med nokre tok det tre veker før eg fekk klappe dei.

Etter at ho kom heim til Ulsteinvik, har ho skrive skuleoppgåve om opphaldet og ho jobbar med ein presentasjon ho skal halde for resten av klassa.

Skal snart få eigen hund

Det var ikkje opplagt at Sara Sota skulle bli så glad i hundar. Sitt første møte med ein hund hugsar ho godt.

– Eg var nokre år gamal og hunden var ein liten chihuahua. Men eg var livredd, eg var sikker på at den kom til å gå til åtak på meg, ler ho.

Nokre år seinare var det riding og hestestell som tok mykje tid, før interessa for hundar vart vekt. Først då ho var femten år fekk ho sin eigen hund.

– Det var ein Yorkshire terrier, ho var to år då eg fekk henne. Diverre døydde ho for eit par år sidan. Men no har eg kjøpt meg leilegheit og skal snart flytte for meg sjølv, og då skal eg få meg ein ny hund, kanskje allereie no i sommar.

Kva rase blir det?

– Det blir nok ein skikkeleg gatemiks. Eg likar mange typar hundar, det har mykje med personlegdom å gjere. Det er litt som med menneske, det er personlegdomen som tel.