Måtte skru ned musikken

Nyhende

Ein politiipatrulje måtte rykke ut til ei bustadadresse i Ulsteinvik etter at naboar hadde klaga på høg musikk søndag. Vedkomande hadde ignorert oppmodingae frå omgjevnadane sine om å skru ned musikken, men det var først då politiet dukka opp at lydvolumet kom på eit meir akseptabelt nivå. Dette melder politiet på Twitter.