I boka, som i all hovudsak er ført i pennen av broren til Jostein Nedrelid, Ola N. Nedrelid og sambuaren Tone Rudberg, i tillegg til arkitekt og søskenbarn Berge Hjørungnes, får ein innblikk i eit solid stykke bedriftshistorie. Ei reise frå enkle kår i 1950-åra til dagens storprosjekt for det Hjørungavåg-baserte firmaet.
Vikebladet Vestposten møtte tidlegare denne veka Jostein og Thor Ove Nedrelid, høvesvis andre og tredje generasjon, i lokala til Total-Bygg. Dei held framleis til i Hjørungavåg, ei bygd som igjen opplever vekst og tilflytting, slik som ho også vaks då gründer, far og bestefar Knut Nedrelid starta opp familieverksemda saman med fleire andre i 1958.