Alvorleg skadd etter trafikkulukke

Nyhende

Naudetatane rykker måndag ut til ei trafikkulukke i Ulsteinvik sentrum. Ifølgje politiet er det ein personbil og ein lett motorsykkel som har kollidert. Både førar og passasjer på motorsykkelen blir køyrde til legevakta, skriv politiet på Twitter.

110-sentralen melder at køyretøya som var involvert i ulukka er fjerna frå vegbanen og at vegen på ulukkesstaden er rydda.

Politiet skriv i ei oppdatering at både førar og passasjer på motorsykkelen er frakta til sjukehus. Ein av dei skal vere alvorleg, men ikkje livstrugande skadd. Politiet informerer også om at bilføraren har fått førarkortet inndrege grunna mistanke om brot på vikeplikta.