Endra fartsgrense

No blir fartsgrensa på vegen over Fjelle endra til 60 km/t.   Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

Teknisk utval i Ulstein vedtok samrøystes å setje ned fartsgrensa over Fjelle til 60 km/t for heile vegen.

Fartsgrensa er frå før 80 km/t. For norke år sidan vart fartsgrensa i Ringstaddalen sett ned til 60 km/t. Dei siste åra har trafikken over Fjelle auka, med både bilistar som skal til hyttene sine på Fjelle og turgåarar. Kommuneadministrasjonen meinte at å setje ned fartsgrensa ville føre til tryggare ferdsel for alle trafikkantar, og det var politikarane einige i.