Kleven kalla inn til informasjonsmøte i hovudkantina klokka 1115 måndag formiddag.

På møtet kom det fram at KBE Holding, eit dotterselskap i Hurtigruten, tek over 100 prosent av aksjane i Kleven Verft, Kleven Maritime contracting og Kleven maritime technology.

Det vil seie at dei eksisterande eigarane held fram som eigarar av Myklebust Verft.

- Det er veldig gledeleg å ha fått gjennom ei finansiell løysing. Dette sikrar arbeidsplassar, viktige arbeidsplassar for heile regionen, seier konsernsjef Karsten Sævik.

Han vart møtt med applaus frå dei tilsette då han presenterte nyheita.

Løysinga gjer at Kleven no har tilgjengeleg kapital på opp til 600 millionar kroner.

- Denne kampen skal vi vinne, seier Karsten Sævik, og dreg ein parallell til Hødd som snudde kampen mot Arendal søndag.

- Eg har tru på dette verftet, eg har tru på dykk, og eg har tru på at dette skal vi få til. Desse arbeidsplassane har livets rett - lenge, seier Karsten Sævik til arbeidarane.

- Eg er ekstremt letta i dag. Tryggleiken av at vi no har landa dette, seier Sævik og legg til:- Dette er ei veldig god nyheit for oss alle sammen.

Ifølgje pressemeldinga frå Kleven, seier konsernsjefen i Hurtigruten, Daniel Skjeldam, følgjande:

- Kleven har ei lang og rik historie, som oss i Hurtigruten. Dei har satsa på kvalitet og nyskaping og vore igjennom ei stor omstilling, akkurat som Huritigruten. Både som ansvarleg eigar og ansvarleg kunde er det viktig for oss å finne gode og ikkje minst langsiktige løysingar. Vi ser eit stort potensial på Kleven.