Mista lappen etter trafikkulukka ved Dragsundbrua

Nyhende

Ein mann i tjueåra vart fråteken førarkortet etter trafikkulukka ved Dragsundbrua søndag ettermiddag.

Han køyrde ein bil som hamna utfor vegen på Herøysida av brua.

Ifølgje politiet er det mistanke om stor fart.

Bilen hadde gått over på feil side av vegen og ned i grøfta, før den vart kasta opp i lufta og inn på vegen igjen.

Sjåføren og passasjeren, også det ein man i tjueåra, vart sende til sjukehuset i Ålesund med mindre skadar.

Bilen var totalvrak etter hendinga.