Stenger vatnet i Kyrkjegata

Frå klokka åtte tysdag morgon blir det ikkje vatn i springen i Kyrkjegata.  

Nyhende

Vassleidninga i Kyrkjegata i Hareid blir stengt nokre timar tysdag morgon (12. juni). Grunnen er utbetring av lekkasje.

Vatnet blir sett på igjen utan varsel når arbeida er ferdig, så ikkje gløym å stenge krana sjølv om det ikkje kjem noko utav henne.