31 nye leilegheiter:

Byggeklart for Sjøsida 2

I slutten av månaden startar byggearbeidet med del to av bustadkomplekset Sjøsida.

Klar for start: Det er like før byggestart for Sjøsida 2. F.v. Ole Lillerovde og Stig Brautaset frå Sparebank 1 Søre Sunnmøre som finansierer prosjektet, Morten Ulstein frå utbyggjarselskapet Ulsteinvik Utvikling, Kjetil Nordang frå entreprenørselskapet PEAB K. Nordang, John Kåre Våge og Jon Ove Ringstad frå Ulsteinvik Utvikling og Vidar Wåge Hansen frå PEAB K. Nordang. 

Nyhende

– Entreprenøren set i gang med pæling og fundamentering før ferien, fortel styreleiar Morten Ulstein i utbyggjarselskapet Ulsteinvik Utvikling AS.