Dømt for råkøyring

  Foto: Marius Myklebust

Nyhende

Ein mann i 20-åra, busett i Hareid kommune, er i Sunnmøre tingrett dømt for råkøyring med motorsykkel.

Ein onsdagskveld i mai i år vart han målt til 127 kilometer i timen i ei 80-sone på Hareidsvegen.

I retten tilstod han og vedgjekk straffskuld.

Han bad retten ta omsyn til at han treng førarkort for å kome seg til og frå arbeid.

Tingretten har i domen lagt noko vekt på at han har sterkt behov for førarkort.

Retten set straffa til femten dagar i fengsel på vilkår, med ei prøvetid på to år.

Mannen må klare seg utan førarkort i seks månader.