Vil gje lokalbefolkninga ei ny oppleving

Flytta heim frå Australia og tok over som kjøkkensjef og soussjef ved Quality Hotel Ulstein.

Konsentrasjon: Kjøkkensjef Theodor Breyholtz Ulstein og soussjef Bianca Glopholm la opp eit stykke røykt kveite til ære for fotografen. Dei ønskjer å setje sitt preg på hotellrestauranten Oljepiren på Quality Hotel Ulstein.   Foto: Ole-Ottar Høgstavoll

– Det var ei skikkeleg flott oppleving. Ein fin liten bistro. Men samstundes var det litt som å reise tilbake i tid, det å jobbe med mat i Australia. Ein merka raskt at ein har kome lenger i Skandinavia

Nyhende

Ulsteiningen Theodor Breyholtz Ulstein og sambuaren Bianca Glopholm utforska ein av draumane sine då dei flytta til Australia i fjor haust. Men, av ulike årsaker vart det ikkje heilt slik dei tenkte, og no er dei tilbake på heimstaden til Theodor i Ulsteinvik, der dei skal setje sitt preg på hotellkjøkkenet.