Sjølv om tilrådinga frå oppvekstsjefen er at Ulstein kommune byggjer ein kommunal barnehage i Ulsteinvik sentrum før ein ny barnehage i Hasund/Sundgot, var det ingen i formannskapet som tok til orde for denne prioriteringa. Framlegget for ny barnehageplan har vore ute på høyring, og 24 av 26 innspel tar til orde for at det må byggjast ny barnehage i Hasund først. Ingen som har kome med innspel tar til orde for ny barnehage i sentrum.

Lisa Mari Breivik Anderson (Senterpartiet) har vore tydeleg på at det no er Sundgotmarka sin tur å få ein ny barnehage. Dagens barnehage er gamal, sliten og for liten. Ho meinte at formannskapet må ta alle innspela som har kome frå folk i denne saka på alvor. Ho støtta seg dessutan til levekårsutvalet som også meinte at barnehage i Hasund bør kome før sentrum.

Ordførar Knut Erik Engh (Frp) var glad for at dei har fått så mange innspel frå innbyggjarane. – Eg tenkjer det er rimeleg opplagt kva rekkjefølgje denne utbygginga skal skje i, sa Engh og meinte det var godt argumentert for det. Det er nest største krinsen, stor arbeidsplass og nok ungar til å fylle ein barnehage der.

Også Pål Grødahl (V), Steinar Torvik (KrF), Tor Meinseth (H), Knut Kleiven (H) og Kari Warholm (H) støtta barnehage i Hasund først.

Difor sentrum først

Oppvekstsjef Gry Nordahl orienterte om kvifor administrasjonen ville prioritere sentrum først. – Me har ingen vedtak i Ulstein kommune om at krinsane skal ha kvar sin barnehage, sa ho. Det er mangel på barnehageplassar i sentrum. Det finst døme på folk i sentrum som har fått barnehageplass i Haddal. Ho sa også at det finst private barnehagar som lurer på om dei skal halde fram. Om dei legg ned, er kommunen likevel pliktige til å gje dei som ønskjer det barnehageplass, kva då? Jau, for å rigge seg for dette scenarioet meinte ho at kommunen bør byggje ein kommunal barnehage i sentrum først, der kommunen også eig den aktuelle tomta.

Trengst to kommunale barnehagar?

Anderson stilte spørsmålsteikn ved om ein treng to nye kommunale barnehagar. Fleire barnehagar i sentrum har signalisert at dei kan vere interesserte i å utvide. Er det rett av kommunen å øydeleggje for dei? Argumentet for fleire kommunale barnehagar er at det blir betre å rekne på støtte til private barnehagar, når ikkje alt blir rekne ut frå ein barnehage.

Ventar med lokaliseringar

Det er usemje om den nye barnehagen bør liggje i Gjerdsbakkane/Hasundgot stadion eller ved Hasund skule. Både Engh og Anderson argumenterte med at det er store trafikale utfordringar ved å leggje barnehagen ved skulen. Men dette meinte Nordahl dei kan løyse. Anderson argumenterte for betre turmoglegheiter i Gjerdsbakkane, men det var ikkje eit argument oppvekstsjefen kjøpte.

– Ein barnehage er ikkje berre å gå på tur, det er også ein pedagogisk institusjon og ein ser at ein barnehage kan ha store fordelar med å ha nærleik mellom skule og barnehage.

Til det svara Anderson at ho har barn i barnehagen, og dei går mykje på tur, og får pedagogisk opplegg utandørs. – Eg meiner det ikkje er berre positivt at ungane går på ein liksomskule frå dei er eit år.

Spørsmålet om tomteplassering vil dei ta som ei eiga sak seinare.

– Positivt

Nora Wingsternes, styrar i Sundgotmarka barnehage, er glad for at det no kan bli ny barnehage i Hasund. Ho fortel at barnehagen har hatt venteliste i mange år.