Bilbrann i Haddal

Nyhende

Rundt midnatt tok det til å brenne i ein bil i Haddal. Politiet melde først at det var brann i ein bil ved ei småbåthamn i Ulsteinvik, men så retta dei seg og sa det var ved hovudvegen i Haddal, like ved småbåthamna der.

Ingen personar kom til skade i hendinga. Føraren/eigaren av bilen var aleine. Det er ingen fare for at brannen skal spreie seg til terrenget. Det er ukjend kvifor bilen tok til å brenne.

Politiet vil undersøkje hendinga nærare.