Bilkø på Strandabøen

Politiet er på staden for å dirigere trafikken på Strandabøen i Ulstein.
Nyhende

Årsaka er at ein lastebil har tekniske problem og må ha hjelp frå bergingsbil, opplyser politiet.

Det har danna seg kø på staden, men ifølgje politiet skal det ikkje ta lang tid før lastebilen er fjerna og trafikken kan gå som normalt.