Vil bli fylkesordførar

Anders Riise ønskjer å bytte ut ordførarkjedet frå Hareid med Møre og Romsdal fylkeskommune sitt ordførarkjede. (arkivfoto) 

Nyhende

Anders Riise lanserer seg sjølv som toppkandidat for Høgre til neste fylkesval. Og med det melder han at han ikkje tar attval som ordførar i Hareid.

Han har meldt frå til partiet både lokalt og på fylkesnivå om planane og ønskja sine.

- Eg meiner at eg har det rette grunnlaget for å kunne utføre eit slikt verv med både røynsle, ambisjonar og resultat gjennom mange år. Spesielt spennande med Møre og Romsdal som ny region med nye oppgåver i 2020 som skal på plass, skriv Riise i ei pressemelding.

Møre og Romsdal Fylkeskommune har og vil få utfordringar spesielt på økonomi og det blir naudsynt å gjere krevjande val i tida som kjem. Riise meiner det er Høgre som har dei rette løysingane og vil ha dei rette folka til å løyse desse oppgåvene.

Ved valet 2019 vil Anders Riise ha bak seg 28 år i Hareid kommunestyre og to periodar som ordførar. Han har vore leiar i fleire hovudutval i Hareid kommune. Han har då bak seg tre periodar i fylkestinget. Han har vore leiar i kontrollutvalet og medlem i Kultur og Folkehelseutvalet.

Han er 1. vara til Stortinget og har møtt fleire gonger. Han er styreleiar i KS Møre og Romsdal og medlem i landsstyret til KS. Og han har vore styreleiar i Sunnmøre Regionråd, og hatt ei rekkje andre verv.

- Eg ønskjer å takka Høgre sitt lokallag i Hareid for tillita eg har hatt som ordførar og kjenner meg trygg på at dei finn ein ny kandidat som kan forsetje arbeidet som er starta opp, varslar Riise.