Ulstein formannskap fekk sist tysdag ei orientering om korleis kommunen ligg an i høve til budsjettet.

Første tertial vil seie første tredjedel av året. Nummedal forklarte at det ikkje gir eit heilt rett bilete, då ein del lisensar kanskje skal betalast tidleg på året. Og tilskotet frå IMDI skulle ha kome 15. februar, men kom 29. mai, noko som også slår skeivt ut i første tertialrapport.

Det er overskridingar på fleire sektorar. Oppvekst-området forventar eit underskot på 1,1 millionar kr ved årsslutt. Publikumstala på Sjøborg kulturhus og kino har gått ned, men ventar eit årsresultat tilnærma i balanse. Det gjeld også Ulstein Arena, sjølv om kommunen er veldig usikre på kor store overskridingane i prosjektet blir. Eit dyrare Ulstein Arena fører til høgare husleige. Nummedal forventar at barnehagesektoren går i balanse, men der er framleis nokre gamle klagesaker som utgjer ein risiko. Folkevalde vil nok gå med eit underskot på 200 000 kroner i 2018, dette er vanskeleg å ta inn utan å kutte stillingar.

Fem millionar av omstillingspakken (innsparingane) er framleis ikkje ført på einingane, men ligg på rådmannsanavaret. Redusert innkjøpsbudsjett på 2,2 millionar kr vil bli fordelt ut på einingane med det første.

Samtidig sakker kommunen akterut i inntekter jamfør resten av landet. I 2014 hadde Ulstein kommune ein brutto skatteinngang på like under 120 prosent av landssnittet, ved utgangen av 2017 99 prosent. Då innvende Pål Grødahl (V) at kronene også er vesentlege, ikkje berre prosentane. Til det svara Nummedal at Ulstein kommune no har nytt godt av at resten av landet går som ei kule. Det gjer at det også dryp nokre kroner til Ulstein.

Det kan også sjå ut til at kommunen kjem positivt ut på pensjon, og det er venta at kommunen får inn meir i inntekter på andre område, som til dømes eigedomsskatt.

Ulstein hadde budsjettert med ei avkastning frå Tussa på 1,1 millionar kroner, men får 957 000 kr. Det meinte han er eit greitt avvik, for hadde avkastninga vore betre, hadde straumprisen vore høgare, noko som hadde ført til auka utgifter igjen for kommunen

Økonomileiaren sa at dei gjer det dei kan for å gå i balanse dette året, men det trur han altså blir knalltøft å få til.