Toril Hjelvik smiler frå øyre til øyre der ho sit trygt plassert i den den eine av dei to sykkeldrosjene som no er på plass i Ulsteinvik. Ikkje verst å ha eigen sjåfør som kan sykle henne kvar det nos skulle vere.

Det var Gunfrid Dukefoss som tok initativ til å skaffe dei to el-sykkeldrosjene. Den eine sykkelen skal vere stasjonert på Alvehaugen og den andre i tilknytnign til omsorgsbusadane i Holsekerdalen.

– Det har gått litt trått, men no var det veldig kjekt å sjå at syklane vert brukt og at dei som brukar dei kan få litt vind i håret, seier Dukefoss.

– Gunfrid har gjort ein kjempejobb, seier soneleiar Gunn Hofseth.

Dei fortel at i staden for å nytte drosje eller privatbil, kan ein no fåsykkeltransport antein ein skal til frisør eller har andre ærend.

Sykkelvener

– Vi tek gjerne i mot fleire sykkelvener. Har du lyst til å tråkke på pedalane er det berre å melde seg på følgjande e-postadresse: sykkel@ulstein.kommune.no, seier Hofseth.

Gunfrid Dukefoss vil gjerne få takke særleg Sparebanken Møre, Ulsmo og Borgstein og alle andre som har vore med på å gjere sitt til å skaffe midlar til å gjennomføre det siste sykkelinnkjøpet. Saniteten ordna med pengar til den første sykkeln som var tteken i bruk for godt og vel to år sidan.