Vikebladet Vestposten møtte onsdag hotelleigar- og drivar Linda Haddal Røssevoll, Harald Sætre i Ulstein Betong Constructer AS og arkitekt Georg Grimstad i Bucci Arkitektur & Design.

Dei tre fremjar no eit forslag om å vidareutvikle den allereie eksisterande bygningsmassen til Melshorn Hotell, slik at Hareid kommune får eit bygg som inneheld alle dei naudsynte funksjonane dei ønskjer seg i eit nytt helsehus, til ein rimelegare kostnad enn det ein ser føre seg å nytte på tomta som er valt av politikarane.

– Vi og fleire med oss meiner at tomta som er valt av politikarane er lite ideell for bygging av nytt helsehus. Ho er for lita, har for spesiell form, og forholda for parkering er ikkje gode nok. Dessutan kan ein til dømes ikkje grave ned ein parkeringskjellar i sjø for det bygget åleine, slik det er førespegla. Då måtte ein ha tenkt på heile kvartalet under eitt. Alt i alt er det for mange aspekt ved denne tomta som gjer at dette ikkje var eit godt val.

– Valet var, meiner vi, eit resultat av at politikarane har blitt leia i feil retning kring nytt helsehus. Dersom ein i staden tenkjer annleis, og nyttar bygningsmassen ein allereie har her på hotellbygget, byggjer på ein etasje på toppen og elles rustar opp, så vil ein både ha stetta moglegheita for gjenvinning av bygningsmasse på ei sentrumsnær tomt, sørgja for at kommunen får eit tenleg helsehus med plass til alle naudsynte funksjonar, og ikkje minst, spart kommunen for mykje pengar, seier arkitekt Georg Grimstad.

Han meiner det er mogleg å spare rundt 25 prosent på kostnadane ved å velje hotellbygg-alternativet.

– Berre det åleine bør vere ein solid grunn til å sjå på vårt forslag. No veit vi ikkje nøyaktig kva endeleg kostnadsbilde ein ser føre seg på bygginga av helsehuset, men utifrå det vi veit ville kommunen vore betre stilt med vårt alternativ, seier Grimstad.

– Gjorde feil tomteval

Det var nettopp Georg Grimstad som teikna det fyrste forslaget til helsehus for Hareid kommune, og byggjekomiteen ville plassere dette i Kjøpmannsgata, for å aktivisere dette området i sentrum.

– Kommunen har utvikla ein god reguleringsplan for etablering av kjøpesenter i tettstad, med tilhøyrande parkering. Det er ein ideell visjon for dette området, men visjonen om å setje opp eit helsehus der meiner eg og fleire med meg er feilslått, seier Grimstad.

Hareid Eigedomsutbygging føreslo hausten 2016 å setje opp eit bygg ved sjøkanten, med blant anna helsehus i.

– Den gongen var det ei rekkje aktørar som gjekk saman og ville ta i eit tak for Hareid. Når det då ikkje blei, har kommunen etter kvart vore nøydde til å kome fram til eit kompromiss som alle skulle leve med, og då blei tomta som no er valt fremja. Vi meiner at tomta som blei valt av fleirtalet blant politikarane, blei valt under tvang, seier Grimstad og legg til:

– Eg er utflytt hareidsdøling sjølv, men følgjer med på kva som skjer i Hareid. Eg høyrer no frå fleire hald at ein har byrja å miste litt trua på politikarane og deira evne til å gjere gode nok val – mellom anna på grunn av dette tomtevalet.

– Eg personleg har ikkje høyrt eitt einaste godord om valet av helsehustomt. Folk forstår ikkje kva politikarane har tenkt på, seier hotelldrivar Linda Haddal Røssevoll.

Tok initiativ til alternativt forslag

Initiativet bak dette nye forslaget kom i stand i samband med reguleringsprosessen for nabotomta, som Ulstein Betong Constructer (UBC) eig.

Eller, heilt nytt er det ikkje, for ei liknande løysing var føreslått som eit alternativ tidlegare, men då var det ikkje aktuelt.

UBC inviterte hotelldrivar Linda Haddal Røssevoll til eit møte, og saman kom dei fram til at å byggje om hotellet til eit helsehus kunne vere ei fornuftig løysing på Hareid kommune sine behov.

Arkitekt Grimstad i Bucci Arkitektur & Design blei kontakta, og sette så i gang med å teikne eit forslag. Det er dette Vikebladet Vestposten no kan vise fram.

– Vi snakkar her om eit bygg som er strukturelt i orden, og som toler ein etasje til. Ja, det er kanskje ikkje midt i sentrum, men det ligg likevel i starten av sentrum, seier Grimstad.

– Det kan også vere greitt at eit helsehus blir lagt litt utanfor kjernen i sentrum. Det kan vere ein fordel at eit slikt type bygg får ligge i eit meir passande område, ikkje midt i ei travel handlegate, seier Harald Sætre i Ulstein Betong Constructer.

Innhaldsrikt bygg

Arkitekt Georg Grimstad fortel at han har analysert hotellbygget grundig.

– Bygget er i utgangspunktet så å seie ideelt utforma. Funksjonane som blir etterspurt i forhold til eit nytt helsehus er i av eit storleiksforhold som hotellbygget oppfyller. Ein kan utan vidare utnytte bygget til ei ideell fordeling av helsehusfunksjonane, utan å tape mykje areal på svinn. Så er her allereie etablert parkeringsplassar, på ulike nivå. I tillegg toler bygget som sagt ein etasje til, noko eg har valt å setje på, seier Grimstad.

Han fortel også at det er planlagt å få på plass ein heis, slik at ein når alle tre etasjane.

– Sett utifrå eit planløysings- og funksjonsperspektiv, er det ikkje eit kompromiss å nytte Melshorn Hotell til dette føremålet, seier Georg Grimstad.

Tanken er å kle opp igjen bygget med prefabrikkerte modular, som kan leverast til ein rimeleg pris.

– Det gir eit ferdig, tett hus, som utgjer ein kjemperabatt på totalkostnaden. Ein vil eliminere energibrukproblematikken.

Han ser føre seg at legesenteret blir plassert i første etasje, andreetasjen blir nytta til helsesenter, medan tredje etasje blir laga til for å huse NAV og ressurssenteret. Der blir også eit reserveareal i bakkant, som kan nyttast til etablering av eit bibliotek.

– Svært krevjande å drive hotell

Bygget er som sagt eigd og drive av Linda Haddal Røssevoll. Ho har drive hotellet dei siste ti åra, gjennom ei spanande, men også svært utfordrande tid for regionen, og ikkje minst for hotellet sjølv.

Haddal Røssevoll fortel til lokalavisa at ho sjølvsagt ønskjer å drive hotell vidare, men at ho samstundes må vedgå at utfordringane er svært store.

– Det er vel eigentleg så enkelt at det ikkje er grunnlag for å drive hotell på Hareid. Eg veit det er mange som ønskjer at det skal vere hotell her i bygda, men mi erfaring gjennom ti år som drivar er at det ikkje er godt nok grunnlag for å drive. Det har vore utfordrande heile vegen. Oljekrisa slo inn for alvor i 2015 – det var som om nokon slo av ein brytar. Eg såg at marknaden endra seg, tok kontakt med UDI, og bygget blei då akuttmottak for flyktningar i fire månadar. Det gav meg ein god buffer til å drive vidare, samstundes som eg også måtte oppgradere bygget. Etter det var oljekrisa framleis ikkje over, og sjølv om det kanskje hadde byrja å snu litt, hadde det ikkje snudd nok, seier Haddal Røssevoll.

– Heldigvis ringde ein større aktør i området og leigde alle romma for ein periode, noko som hjelpte på. Vi nytta sommaren i fjor, etter at leigekontrakten var over, til å oppgradere baderomma. I dag er det ordinær hotelldrift, og det er framleis knalltøft å drive.

Ho fortel at det er tre tilsette ved hotellet per dags dato, men at drifta ikkje er berekraftig i lengda.

– Eg veit som sagt at det er eit ønskje om at vi skal ha eit hotell på Hareid, men når det viser seg å ikkje vere lønnsemd i det, og at ikkje alle bedriftene prioriterer oss til overnatting, ja, då må ein nesten vurdere framtida, seier Linda Haddal Røssevoll, som tek begge dagskifta ved hotellet sjølv, for å få det til å gå rundt.

– Eg ser betring no, men det er diverre ikkje nok. Difor valte eg no å samarbeide med Ulstein Betong Constructer og Bucci Arkitektur & Design, for å fremje det som vi meiner er eit godt, rimeleg og tenleg forslag til nytt helsehus.

– Vi også ser på denne plasseringa som eit pluss for Hareid, og at heile området kan nyttast på ein god måte. Det er alvorleg slik det er for Linda og Melshorn Hotell i dag, og det vil truleg berre bli meir utfordrande. Hareid er heller ikkje tent med å ha eit hotell som ikkje har gjestar. Hotellet er ein del av tanngarden til Hareid, det er noko av det fyrste ein ser når ein kjem i land her. Vi ønskjer å utvikle Hareid i positiv retning, og meiner dette kan vere ein god måte å bidra til dette på, seier Harald Sætre i Ulstein Betong Constructer.

– Det er ein vinn-vinn-situasjon på alle plan, og det vil løfte kommunen totalt sett. Det er så mange innfallsvinklar her som er positive, seier Georg Grimstad avslutningsvis.