Flyttar Opplev Hareid innandørs

Nyhende

Store delar av Opplev Hareid var planlagt utandørs, men no gjer arrangørane av desse dagane som Ålesund Live og flyttar festivalen innandørs. På grunn av vêrmeldingane får dei ikkje rigga til scenen i parken i Åsendalen. Det er gjer at arrangementa som var planlagt i parken blir flytta til området ved Hareidhallen. Det meste blir inne i hallen, men det kan vere at noko også blir ute.

Det vil seie at sjølv om det skulle storme og blåse ute, kan du halde deg tørr og varm under Opplev Hareid. Annika Brandal i Opplev Hareid seier at dei er leie seg for dette, men dei må ta vêrmeldingane på alvor, sjølv om det er ein sjans for at vinden ikkje treff her. Dei har tru på at Hareidhallen kan gi ei god ramme for festivalen.

- Det blir ei fantastisk helg uansett, spår ho.

Det vil seie at konserten "Sommar og skulefri" i ettermiddag blir i Hareidhallen.

Fredag ettermiddag blir det Grøn konsert med Musikklaget Melshorn i Hareidhallen. Same ettermiddag skulle eigenleg speidarane lage seg "leir" i parken, men dei ventar og ser an vêret til laurdagen.

Om det framleis regnar og bles laurdag formiddag blir utandørs-frukosten i Kjøpmannsgata flytta inn på bedehuset.