Opplev Hareid

Middelalderkveld i kyrkja

I kveld kan du bli kjent med litt av vår lokale middelalderhistorie med kulturhistorisk informasjon, krydra med musikalske innslag frå tidsepoka.

Middelalderfunn: Hareid sokn ber inn til Middelalderkveld i Hareid kyrkje. Foto: innsendt  Foto: Leiv Arne Grimstad

Nyhende

Som ein programpost under Opplev Hareid opnar Hareid kyrkje dørene i kveld og formidlar spor etter middelalderen.

Med på hendinga er arkeolog Arve Eiken Nytun, damekoret Sirene med dirigent Torgeir Hauge, ei gruppe frå Bigset Blandakor, sokneprest Leidulv Grimstad, kantor Ida Teige og kunstnar Arnfinn Mork-Stordal.

Kvifor står kyrkja der ho står?

Foredraget til Arve Eiken Nytun vil i all hovudsak handle om historikken knytt til den tidlegaste fasen av Hareid kyrkjegard og stavkyrkja som ein gong stod her. Kva veit me om henne, og kvifor vart ho plassert akkurat der?

Både arkeologiske kulturminne, segn og landskapstrekk er med på å danne eit bakteppe for kvifor denne staden har vore så viktig, også lenge før kristendomen vart innført.

Det vil også bli fortald om byggjetradisjonar knytt til kyrkjebygg, og den symbolske delen av dette. Her vil du få svar på spørsmål som: Kva er ei einskipa kyrkje? Og korleis kan kyrkja ha sett ut innvendig?

Hareid kyrkjeakademi

Dette middelalderprosjektet er ein milepæl, då det vil markere starten på eit kyrkjeakademi for vaksne i Hareid sokn.

Kyrkjeakademiet skal vere eit tiltak som tek opp ulike tema kring tru, kultur og samfunn. Norsk kyrkjeakademi tilbyr medlemane økonomisk støtte og hjelp til å løfte fram tema. Tiltaket er økumenisk, d.v.s. at det er samlande for alle kristne kyrkjesamfunn.

Informasjonstavle

Bakgrunnen for tilstellinga er at det skal kome ei informasjonstavle om historiske spor i kyrkja og på kyrkjegarden. Liknande tavler skal kome også på Kvitneset og Overåsanden.

Nybakt barkebrød

Det blir også allsong inne i kyrkja. To gamle salmar blir fletta inn i opplegget: «Folkefrelsar til oss kom» og «Deg å få skoda». Båe salmane har godt over tusen år gamle røter.

Etter planen er det tenkt at folk skal få smake nybakt barkebrød. Deretter blir det vandring på kyrkjegarden for å ta det som finst der nærare i augesyn.

Alle er velkomne til det gratis arrangementet.