To ferjer i Hareid-Sulesund

Frå klokka 09.00 torsdag morgon går det igjen berre to ferjer i sambandet Hareid-Sulesund.

  Foto: Arkiv: Linda Eikrem

Nyhende

Årsaka er at ferja Ullensvang er på eit planlagt verkstadopphald, men opphaldet har vorte meir omfattande enn reiarlaget Norled hadde rekna med.

Dei siste dagane har søsterskipet til Ullensvang, Bjørnefjord, gått i sambandet. No skal Bjørnefjord tilbake til Hordaland.

Dermed går 75-bilarsferja Høgsfjord, som vanlegvis trafikkerer C-ruta, inn i B-ruta.

B-ruta har dermed sterkt redusert kapasitet.

Det er framleis er usikkert kva tid Ullensvang er tilbake i sambandet.