– Vi får ein ny rapport i desse dagar, men eg ser at det no i alle fall har bikka tretti dagar, seier Knut Nauste, seniorkonsulent i Statens vegvesen.

På kvardagane skal det etter ruta gå tre ferjer mellom Hareid og Sulesund. I helgene går det berre to. I anbodskontrakten står det at det årleg kan vere femti kvardagar med to ferjer, utan at reiarlaget Norled får trekk i betalinga.

Ullensvang er ute

Frå torsdag morgon denne veka var det igjen berre to ferjer i sambandet. Årsaka er at ferja Ullensvang er på eit planlagt verkstadopphald, men opphaldet har vorte meir omfattande enn reiarlaget Norled hadde rekna med.

Dei siste dagane har søsterskipet til Ullensvang, Bjørnefjord, gått i sambandet. No måtte Bjørnefjord tilbake til Sogn og Fjordane og Hordaland.

– Bjørnefjord er reserveferje på Sognefjorden og skal stille der på tolv timars varsel. No når det var meldt sterk vind rundt Stad, kunne vi ikkje ta sjansen på å ha henne på Hareid-Sulesund, seier Inge André Utåker, regionsjef for ferjer i Norled.

Dermed går 75-bilarsferja Høgsfjord, som vanlegvis trafikkerer C-ruta, inn i B-ruta mellom Hareid og Sulesund.

Tilbake 25. juni?

Det er framleis ikkje heilt klart kva tid det igjen kjem til å gå tre ferjer i sambandet. Norled har ingen planar om å setje inn ei ny reserveferje, og Ullensvang er tidlegast tilbake frå måndag 25. juni.

– Ullensvang er på eit planlagt verkstadopphald. Det viser seg at slitasjen på eine propellen er mykje meir omfattande enn vi trudde, og det tek si tid å få tak i delane som trengst for å reparere propellen, seier Utåker.

Torsdag denne veka var det 55 attståande bilar på 1630-avgangen, ifølgje ein pendlar vi har snakka med. Vil du orsake noko overfor dei som brukar sambandet?

– Det er sjølvsagt trist og leit at reisande må stå igjen. Men dette er det siste planlagde verkstadopphaldet i år, og vi oppfyller kontrakten. Så eg har ikkje dårleg samvit, sjølv om vi sjølvsagt gjerne skulle ha hatt ei reserveferje å setje inn i neste veke, seier Utåker.