Konserten «Sommar og skulefri» opna Opplev Hareid torsdag ettermiddag med mykje flott song og dans.

Hareidhallen var fint pynta, så der var god sommarstemning.

Arrangørane hadde fleire overraskingar på lur. Mellom anna ein eigen maskot: Hareidrampen.

Og Lene og Svenning Veiseth hadde dikta ein ny song som vart urframført. Lene stod for melodi og tekst, Svenning hadde produsert og framført songen.

Elevane stod for mykje fin song. Og publikum braut ut i stor applaus fleire gonger.

Meir i papiravisa laurdag 16. juni.