"Han har utvist eit sterkt forbrytersk forsett", skriv tingretten i domen.

Mannen tilstod at han med vilje hadde gitt feil opplysningar til NAV i ein periode på eit og eit halvt år.

Oppgav ikkje arbeid

Frå slutten av oktober 2015 til slutten av april 2017 leverte han elektroniske meldekort til NAV, der han oppgav at han ikkje var i arbeid.

Han fekk då utbetalt til saman 342.953 kroner i dagpengar.

Men mannen arbeidde i denne perioden 1193,5 timar, heiter det i siktinga frå politiet.

Må sone eit halvt år

Tingretten viser til at mannen er straffa fleire gongar tidlegare, mellom anna for svindel. Siste dom er frå desember 2015.

I formildande retning lett retten vekt på at mannen har tilstått lovbrotet, og set straffa til seks månader i fengsel.

Forsvararen bad om redusert straff, og viste til at mannen slit med angst og depresjonar, at han har hatt eit alkoholproblem, men at han no er i gang med ei utdanning.

Retten ser at mannen har hatt ein vanskeleg livssituasjon og meiner det er positivt at han no får oppfølging.

Men retten kan ikkje sjå at dette skulle tilseie redusert straff, og meiner at det av både individualpreventive og allmennpreventive omsyn må reagerast strengt.