– Alle barn og unge har rett til eit mobbefritt og trygt miljø i barnehage og skole. Som mobbeombod vil eg ha barn og unge som hovudmålgruppe og arbeide for at rettane deira blir ivaretatt. Ei viktig oppgåve i starten vil vere å gjere ordninga kjent for både barn, unge og foreldre, seier Øksenvåg i ei pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune.

Utdanna lærar

Øksenvåg er utdanna allmennlærar og kjem frå stillinga som seniorrådgivar i avdeling oppvekst og utdanning hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Ho har tildegare arbeidd som fagleiar i Trondheim kommune og lærar i Bærum kommune.

– Mobbeombodet skal vere eit lågterskeltilbod, og alle som ønskjer hjelp eller rettleiing i ei mobbesak kan kontakte mobbeombodet. Det kan vere elevar eller foreldre, men også tilsette og leiarar i barnehage og skole, seier ho.

Fylkesutvalet vedtok å opprette stillinga i april i år. Ordninga er eit spleiselag mellom staten og fylkeskommunen ut 2019 og vil då bli evaluert.