Dei er fleire representantar frå næringslivet i Ulstein som har snakka saman om at dei ønskjer eit slikt fora. Dette må ikkje forvekslast med Ulstein Næringslag. Næringsforumet vil vere eit forum for å drøfte korleis ein kan gjere Ulstein kommune til eit kraftsentrum for næringslivet. Her skal alle slags næringar med.

Men det vil koste pengar. Dei vil tilsetje ein dagleg leiar og vedkomande skal ha eit kontor. Er Ulstein kommune interesserte i å vere med å spleise på dette? Ringstad varsla frå at om det ikkje var stemning for dette i formannskapet, ville næringslivet skrinlegge planane.

Formannskapet såg det som positivt å få eit slikt forum. Næringslivet i kommunen slit, og dei vil gjerne gjere noko for å hjelpe. Men dei kan ikkje vedta slike bindingar og løyve store pengesummar under ei orienteringssak, så formannskapet vil ta dette opp på eit seinare møte, med saksførebuing og som ei politisk sak.